Wednesday, January 31, 2007

Semesterputz

Denne helga hadde me Semesterputz. (= semestervask)

Det betyr at alle fellesareal skal vaskast ned. Ned, ned, ned. Heilt ned til bunnen. Det er verkeleg ikkje tull og seie at ALT skal vaskast.

Så i Bülachhof 1/12 begynte me friske, opplagde og med glad musikk på søndags formiddag. (Planen var egentleg å starte lørdag, men sidan Marta sin gebursdagsfest var på fredag så var me litt reduserte på lørdag..)

Me vaska, vaska og vaska. Alle krokar. Inni ventilar og oppi lampar. Og til slutt skura me heile golvet (steingolv) med svampar.

Og mandagskveld gjorde me siste finishen! Pynta litt, og gjekk paranoide rundt og lette etter ting som kanskje ikkje var bra nok...

Og så, på tirsdag kom Mario. Vaktmester Mario. Mario som er viden kjent for å finne alle støvkorn, alle kalkflekkar og ellers alt som ikkje er reint. Har ein gløymd eit eller anna så kan ein vere sikker på at Mario finn det!

Og dommen.. Ikkje godt nok! Sjølvsagt.
Det er liksom berre slik det er. Ingen har nokon gang høyrt om nokon som fekk godkjent fyrste gangen.

Så no har me ei liste med alt som ikkje var bra nok, og det må me fikse til neste tirsdag.. m.a klarte han å finne litt kalk under kranen i dusjen... tenk å reklamere på ein sånn liten bagatell!! Ganske utruleg.

Men no har me det reint. Og det er fint :)
Og ganske så morsomt hadde me det òg innimellom.

 

1 comment:

Anonymous said...

Ahhh. Bringer tilbake minner fra Det Grønnkledde. Min nummer én historie: Befal tar tak i ovnen som henger på veggen, trekker til, og river med seg veggpanelet. Bak veggpanelet er det selvfølgelig støv, og han ber oss om å vaske bedre, og å finne hammer og spiker for å reparere veggen...

Jaja. Viel Spass!