Tuesday, February 20, 2007


" Det er med menneskene som med stjernene;
  det finnes selvlysende legemer som gir
  kraft og sol til andre"

                                         Bjørnstjerne Bjørnson

Sunday, February 11, 2007

Allerede lei...

Ei veke er gått. Lite er gjort. Og eg er allerede dritlei av heile eksamensperioden.

Eg er lei av fysikkbibliotekt. Eg er lei av kjemibiblioteket. Eg er nesten lei av det grønne biblioteket
og eg er dritlei av rommet mitt. Eg treng ein ny leseplass, eg treng nye impulsar.

Eg trudde den fyrste eksamen skulle vere plankekjøring. Eg håpte vel egentleg at 3 eksamenar
skulle vere ganske greie. Har no akkurat oppdaga at den fyrste eksamen ikkje akkurat er 
plankekjøring likevel. Og det var jo litt synd..

Huff! Synest litt synd på meg sjølv. Og er litt sint på meg sjølv. Kva har eg til dømes gjort i dag? 
Lite, rett og slett lite .

Ja, ja. Ny dag i morgon.

Sunday, February 4, 2007

Og der var semestert slutt...

På fredag var vintersemesteret slutt! Oj, så deilig :) Ingen fleire forelesningar før langt ut i mars.

Så denne helga slapper eg av. I går var Siri, Astrid og meg i Baden. I turistguiden vår sto det at det egentlig er ingenting å sjå i Baden, det einaste som er verdt å gjere der er å bade... Og det viste seg å vere ganske så sant. Men bading var fint. Me prøvde diverse boblebad og "massasjespruter", men hadde ikkje tolmodighet til å følge det oppsatte "progammet" der ein skulle flytte seg til neste massasjedings kvar gong det kom eit pling. Så istadenfor svømte me rundt i utebassenget i sola :) Dette vatnet skal visst vere veldig helsebringane, så eg venter spent på effektane.

Men at semesteret er slutt betyr jo egentlig berre at eksamensperioden begynner... Så i dag skal eg sortere papir. (I tillegg til at eg må litt ut i sola, for det er ein stålande dag i dag.) Og i morgon skal eg vere kl 09.00 på biblioteket for å begynne å lese. Fyrste eksamen er 20.februar, så eg har alle muligheitar til å lære mykje! (og berre sånn i tilfelle nokon er interessert... dei andre eksamensdatoane mine er: 1.3, 5.3 og 14.3)