Monday, July 2, 2007

Slik kan det gå..

I dag beviste eg endå ein gang at eg tenker lagt frå klart når eg har eksamen.

Eksamen starta perfekt. Fekk akkurat det temaet eg ville ha. Klarte alle små ekstrasprøsmål. Professoren smilte. Eg smilte. Det gjekk som ein drøm.

Heilt til eg gjorde "eksamenssjølvmord"..

Professoren sa: "Ja, dette går jo strålande, men me har litt tid igjen.. Så kva syntes du var mest interessant i dette faget? Var det noko du likte spesielt godt?"

Og hovudet mitt var heilt tomt. Verkeleg heilt tomt. Men i stadenfor å vente og tenke meg litt om så seier eg det aller fyrste som dett ned i hovudet mitt. Problemet er berre at dette aller fyrste er det einaste eg veit absolutt ingenting om. Dette går sjølvsagt opp for meg i same sekund som eg seier det, men då er det allereie for seint.

Resten av eksamen handler om "mitt favorittema". Det går mildt sagt dårleg. Eg er sint på meg sjølv. Professoren er kjempeforvirra. Og ingen smiler spelsielt mykje lenger. På eit tidspunkt seier professoren med eit sukk:" Men eg trudde jo at du ville snakke om dette."

Jaja, slik kan det gå.
Men eg tar det ikkje spesielt tungt.