Saturday, December 16, 2006

Emilies Te

Om det litt mørkt og kaldt,
eller om det kanskje rett og slett er sommar,
uansett,
Emiles te er veldig god!

Så altså, her er det du treng:

- vanleg svart te (nesten kva som helst)
- fersk ingefær
- kanel
- (evt melk viss du liker det)

La teen trekke ilag med skiver av ingefær og litt kanel.

Dette er verkeleg bra for kropp og sjel!

Wednesday, December 13, 2006

Lussekattar

Ja, faktisk!!
I dag har eg baka lussekattar.
Dei vart store, luftige og gule :)
Og eg har delt dei ut som små gleder.


Wednesday, December 6, 2006

Übung

Dette kjem ikkje til å gå. Eg innser det no.

Ein heil dag bør jo vere nok tid til å gjere ei øving. Men nei, ikkjenødvendigvis. Begynte frisk og rask med øving 5 i medisinsk fysikk i dag tidleg. Starta den fyrste datasimulasjonen. Men oj, den tok lang tid. 5 timar faktisk. Og med tanke på at øvinga
7 slike simulasjonar så seier det seg sjølv at det faktisk ikkje er mogeleg å bli ferdig før timen i morgon.

Ja, ja.. slik kan det gå. 

Men i kveld er det Käsefondue! (Som egentlig ikkje er så veldig godt, men som er eit morsomt konsept)

Og i dag fekk eg ein stor sjokolade-A av Sinterklaas.

Så ikkje ein så aller verst dag likevel.


Monday, December 4, 2006

Ein vinduskarm i Zürich

Tenkte eg skulle skrive litt om vinduskarmen vår.

Me har ein veldig lang vinduskarm, der det til tider står mykje rart. 
Noko er nytt og noko er gammalt. Noko er så gammalt at ingen veit kva det er lenger og noko er rett og slett boss.

I vinduskarmen vår har me ein liten grøn avdeling med noko som på ein god dag kan kallast plantar.



Heilt til høgre står det ein litt vissen sak. Eg lurte lenge på kva dette kunne vere. Men plutseleg ein dag fekk eg vite at dette rett og slett er ein løk. Ein heilt vanleg gul løk, som vart planta ein gang for lenge sidan. Kanskje det var tenkt som ein ny oppbevaringsmetode for løk? Kanskje ein løk 
vert ein delikatesse etter eit år som potteplante? Kanskje nokon håpa det ville komme vakre gule blomar frå løken? Kven veit? Men Marta er gald i løken, så den kjem me til å bahalde.

Attmed løken så har me to eksemplar av basilikum. Dei er så fine og grøne at det er ingen som tørr å bruke dei.

Og til slutt så har me ei "oppsamlingspotte" med ulike grøne, ubestemmelige vekstar. Eg aner ikkje kva noko av det er, men alt ser meir eller mindre ut som ugras. Men kanskje det dukker opp ein vakker blome ein dag?

Det var altså vår litle, grøne hjørne.

No over til det som åpenlyst er boss.



Ja, kvifor samler me på tomme jusflasker i vinduskarmen?

Eg trur Michele har ein draum om at ein gang i framtida vil òg denne typen plast vere resirkulerbar. Og medan han venter på det, så lagrer han alle dei tomme flaskene i vinduskarmen.

Men kvifor ikkje berre kaste flaskene i bosset?

Er det idealisme som gjer at vinduskarmen vår er full av tomme jusflasker? (Til og med nokon med mygla jus på innsida..)

Nei, det er nok desverre ikkje idealisme. Det er nok eit økonomisk spørsmål dette òg. Det er nemeleg dyrt med boss i denne byen her.

Men sidan flaskene ein eller annan gang må kastast uansett, kvifor ikkje berre gjere det med ein gang? Dei kjem ikkje til å forsvinne av seg sjølv.

Sunday, December 3, 2006

Sol

 I dag er det sol.

Eg har lyst ut i sola. Var og henta klede i vaskekjellaren. Kjente korleis sola varma i nakken på vegen ned. Og korleis ho skein i ansiktet mitt på vegen opp igjen. Deilig.

Men kan ikkje gå ut. Ikkje endå.

Eg må gjere ferdig ein presentasjon om vår genetiske kode.

Tenk så fantastisk det er at all genetisk  informasjon om eit menneske er koda berre ved hjelp av nukleinsyrene A, T, G og C. Eg vart slik eg er på grunn av lange, lange rekker av ACTCGGTA...
Og ein liten feil, kanskje ein T på feil plass, kan vere nok til at ein dør.

Tuesday, November 28, 2006

Til og med meg...

Og eg som verkeleg hadde tenkt at eg aldri skulle lage ein blogg.. at eg skulle holde meg langt vekke frå alt som heiter blogging..

Ja, ja no er eg her. 

Kanskje det kan bli bra. Kanskje det til og med kan bli litt fint.