Monday, December 4, 2006

Ein vinduskarm i Zürich

Tenkte eg skulle skrive litt om vinduskarmen vår.

Me har ein veldig lang vinduskarm, der det til tider står mykje rart. 
Noko er nytt og noko er gammalt. Noko er så gammalt at ingen veit kva det er lenger og noko er rett og slett boss.

I vinduskarmen vår har me ein liten grøn avdeling med noko som på ein god dag kan kallast plantar.



Heilt til høgre står det ein litt vissen sak. Eg lurte lenge på kva dette kunne vere. Men plutseleg ein dag fekk eg vite at dette rett og slett er ein løk. Ein heilt vanleg gul løk, som vart planta ein gang for lenge sidan. Kanskje det var tenkt som ein ny oppbevaringsmetode for løk? Kanskje ein løk 
vert ein delikatesse etter eit år som potteplante? Kanskje nokon håpa det ville komme vakre gule blomar frå løken? Kven veit? Men Marta er gald i løken, så den kjem me til å bahalde.

Attmed løken så har me to eksemplar av basilikum. Dei er så fine og grøne at det er ingen som tørr å bruke dei.

Og til slutt så har me ei "oppsamlingspotte" med ulike grøne, ubestemmelige vekstar. Eg aner ikkje kva noko av det er, men alt ser meir eller mindre ut som ugras. Men kanskje det dukker opp ein vakker blome ein dag?

Det var altså vår litle, grøne hjørne.

No over til det som åpenlyst er boss.



Ja, kvifor samler me på tomme jusflasker i vinduskarmen?

Eg trur Michele har ein draum om at ein gang i framtida vil òg denne typen plast vere resirkulerbar. Og medan han venter på det, så lagrer han alle dei tomme flaskene i vinduskarmen.

Men kvifor ikkje berre kaste flaskene i bosset?

Er det idealisme som gjer at vinduskarmen vår er full av tomme jusflasker? (Til og med nokon med mygla jus på innsida..)

Nei, det er nok desverre ikkje idealisme. Det er nok eit økonomisk spørsmål dette òg. Det er nemeleg dyrt med boss i denne byen her.

Men sidan flaskene ein eller annan gang må kastast uansett, kvifor ikkje berre gjere det med ein gang? Dei kjem ikkje til å forsvinne av seg sjølv.

1 comment:

Unknown said...

Gratulerer så masse med blogg Arnhild! Dette ser svært så lovende ut. Lykke til videre med juiceflasker, vinduskarmsgartneriet og DNA-kjedene!