Sunday, February 4, 2007

Og der var semestert slutt...

På fredag var vintersemesteret slutt! Oj, så deilig :) Ingen fleire forelesningar før langt ut i mars.

Så denne helga slapper eg av. I går var Siri, Astrid og meg i Baden. I turistguiden vår sto det at det egentlig er ingenting å sjå i Baden, det einaste som er verdt å gjere der er å bade... Og det viste seg å vere ganske så sant. Men bading var fint. Me prøvde diverse boblebad og "massasjespruter", men hadde ikkje tolmodighet til å følge det oppsatte "progammet" der ein skulle flytte seg til neste massasjedings kvar gong det kom eit pling. Så istadenfor svømte me rundt i utebassenget i sola :) Dette vatnet skal visst vere veldig helsebringane, så eg venter spent på effektane.

Men at semesteret er slutt betyr jo egentlig berre at eksamensperioden begynner... Så i dag skal eg sortere papir. (I tillegg til at eg må litt ut i sola, for det er ein stålande dag i dag.) Og i morgon skal eg vere kl 09.00 på biblioteket for å begynne å lese. Fyrste eksamen er 20.februar, så eg har alle muligheitar til å lære mykje! (og berre sånn i tilfelle nokon er interessert... dei andre eksamensdatoane mine er: 1.3, 5.3 og 14.3)

No comments: