Tuesday, January 23, 2007

Det snør, det snør....


I kveld snør det! Ikkje mykje, men bittelitt. Akkurat nok til at det er litt kvitt på bakken. Eg håper at det kjem til å komme meir i natt! Dette er den fyrste snøen min i Zürich :)

Og når eg er inne på snø, så tenkte eg at eg kunne fortelle litt om den helga eg var på ski!



Det vil sei, eg aka ein dag, sto på ski ein dag og spelte curling/eisstock ein dag.

For å berre sei det med ein gang: Det var heilt fantastisk å stå på ski! Sola strålte heile dagen, det var påskestemning :)




Det var sjølvsagt altfor lite snø, men det var ein bagatell. (spesielt når ein leiger ski og dermed ikkje får sine egne ski full av gjørme...)

Eisstock i sol var fint! Det er meir og mindre boccia på is. Me hadde to engasjerte pangsjonistar (som berre sankka sveitsertysk) som læremeistarar.  Dei snakka veldig mykje. Forklarte taktikk m.m. Eg forsto ingenting, men nikka, smilte og sa ja, ja.

Curling var snodig. Sjølv i sol.
Ein har på seg ein glatt sole på eine foten slik at ein skal kunne skli. Ein har alltid med seg kosten sin. (Enten for å koste eller for å ha noko å støtte seg på) Det er vel definerte oppgåver for alle på laget. (nr 1, 2, 3 og 4).  Nokon skubber stein, nokon tenker taktikk og leiker trafikklys (merker av siktepunkt og kurleretning) og nokon koster for harde livet. Folk hyler og skrik: "Putzen, putzen!! Curle, curle!" Og til slutt går steinen alltid enten for langt eller for kort. Slik er det berre.

Veldig snart (les morgon) kjem det til å komme bilder på heimesida mi. I tillfelle nokon har lyst til å sjå litt Alper, litt snø, litt gjørme, litt putzen og litt meir :)

No comments: