Eg kom heim natt til 22. desember. Kofferten min vart verandre igjen på Gardermoen, men eg kom meg heldigvis heilt heim utan problem. Våkna opp 22. desember og plutseleg gjekk julestemningen frå 0% til 100%. For heime var det julelukt og juleting.
Så pynta eg juletreet og lagde julepresangar. Gjorde juleting.
I romjula har eg vore innom den nye hytta vår. Den er blitt veldig fin. Eg liker spesielt godt peisen.
Jula har stort sett vore familiejul. Eg har vore mykje heime. Strikka, slappa av, og den type ting. Eit hederleg unntak var juleselskapet til Henrik (frå IB).
I tillegg så har eg hatt besøk frå USA. Jamie har vore her i fire dagar, og eg har vist han Osterøy og Bergen. I tilnærma konstant skodde og pøsregn.
Og no gleder eg meg til å komme tilbake til Zürich.
No comments:
Post a Comment