Friday, June 15, 2007

Igjen eksamensperiode...

Ja, no er det lenge sidan sist det vart skrive noko her. Faktisk eit heilt semester.

No er det igjen eksamensperiode. Dvs, det er igjen tid for å vaske, rydde, vaske litt meir, sitte i kantina, tulle, sitte på bistroen, vaske litt meir, blogge, shoppe, rydde litt til, feste litt halvveis og kanskje  lese litt innimellom og fram for alt ha konstant dårleg samvit. Ei rett og slett herleg tid!

Det er kaldt! Og eg sit ute og frys. Kvifor gjer eg det? Jo, fordi Bülachhof eit fantastisk tåpeleg internettsystem. Noko som gjer at internett er vêravhengig og mildt sagt ustabilt.

Vêravhengig? Ja, det virker ikkje når det er for kaldt, når det er for varmt, ikkje i skodde og ikkje i for mykje regn. Dvs, det virker ganske ofte ikkje.

Og kva er så dette systemet? Jo, det er eit lasersystem. Eit veldig tullete og ustabilt lasersystem.

Så difor sit eg no (som så mange gangar før) i trappa og frys. For her er det trådlaust nett.

1 comment:

Anonymous said...

Ja, lasere kan brukes til alt... Men kanskje ikke alltid med hell.

Hvis det er noen trøst, bruker datamaskinen på jobben ca ti minutter på å starte opp. Det er ganske imponerende i en bedrift som har rompa full av penger.

Så for å ta hevn sitter jeg nå i arbeidstiden og leser blogg. Haha. Ta den, Statoil.